
Finn ein stad å sova i frisk fjelluft?
Her finn du heilt sikkert noko!

Fjellstøl Turisthytte
Fjellstøl Turisthytte ligg like ved skisenteret eller rettere sagt i skisenteret. Du kan spenna på deg skia rett utanfor døra og løypa ned til heisen. Likeeins når du skal heim, kan du ta heisen opp og løypa heilt nedatt til hytta. Du kan ikke køyra bil til døra om vinteren. Hytta vert leigd ut til grupper frå 15 til 30 personer. Prisen er kr 275 pr personer pr.natt. Hytta er sjølvbetent. Spør oss om langtidsleige.
Røldalstunet
Røldalstunet ligg midt i Røldal. Det er to hundre meter til Coop butikk og kafē. Røldal stavkyrkje frå 1260 er berre trehundre meter vekke. Lysløype og turstiar like ved. I Røldalsvatnet kan du fiska og til nød bada. Vatnet kjem frå Vestvidda og det gjer at det er smeltevatn som kjem tidleg på sommaren. Elles er Røldal sentralt for rundturer med bil og me er innfallsporten austafra til Hardanger.

Hordatun Hotel
Du merkar det på personalet, på utsynet og på atmosfæren – Røldal og Hordatun er spesielle. Som vi seier ”ikkje som alle andre hotell”Klesprodusenten Norrøna seier det i sitt magasin i forbindelse med lanseringen av kolleksjonen "Røldal": "DET ER NOKO MED RØLDAL"Vi håper å sjå deg hos oss og at du finn dette "NOKO" i løpet av ditt opphald hos oss. Utsikten frå balkongen er storslagen med Røldalsvatnet og fjella i fokus.Romma er større enn på dei fleste andre hotell, og inneheld det meste du treng, både for korte og lengre opphald.Hordatun og Røldal innbyr til ei avslappa atmosfære; på rommet eller i leilegheita, framfor peisen i baren eller vår hyggelige restaurant. http://www.hordatun.no/booking@hordatun.no Telefon: 93 45 02 93
Røldal overnatting
Røldal overnatting ligg sentralt i Røldal, med kort veg til butikk og sentrum. Fantastisk utsikt over bygda og vatnet. Me kan by på moderne leilegheiter med eit eller to soverom, alt utstyr du treng for eit trivelig opphald, og i tillegg tv med fotballkanalar og sjølvsagt trådlaust nett. http://www.roldalovernatting.no/jarle@roldalovernatting.no Telefon: 90065051